KVA ER ULSTEINLAN?

UlsteinLan er eit dataparty/datatreff som invitera alle gaming interesserte, som ønsker å vere sosial med andre med same interesse til å ta med seg sitt beste gaming-oppsett og skape minne for livet!

UlsteinLan gjer deg også en moglegheit til å vere med på fleire fysiske aktivitetar som AIRSOFT, bumperballs, bordtennis, kanonball og diverse aktivitetar og konkurransar i salen og på scenen. Og ja, du leste riktig. Ved å vere med på UlsteinLan vil du få moglegheit til å få med deg alle dei kule scene innslaga, du får vere med på konkurransar der ein kan vinne premie og mykje meir.

I tillegg finnes det ein kiosk der ein kan kjøpe seg eit variert utval av mat, drikke og snacks. Om du har mat med deg sjølv eller har lyst til å lage varmdrikke, finnes det mikrobølgjeomn, vasskokar og vantdispensar.

Dersom ein vil ta seg ein kvilepause, så finnes det sjølvsagt ein plass ein kan gjere det. Der er eiget oppmerka areale for soving og ein er velkommen til å ta med seg luftmadrass, dyne/sovepose og favoritt bamsen <3

Sjekk også gjerne ut regler som gjelder!